Velkomen til Voss Resort

Voss Resort sine planar

Ca 1 t og 20 min frå Bergen sentrum kjem ein til Norges beste skiterreng i Voss Resort sitt anlegg ca 10 min frå Voss sentrum.

Her er det i umiddelbar nærleik,  aktivitetar for store og små heile året.

Voss Resort har spanande og godkjente planar for utviding av sine anlegg i Bavallen og Hangursområdet.

Det føreligg godkjent reguleringsplan for 104 tomter og 130 leiligheter. Bygging er godt i gang, og nær 150 hytter og leiligheter er ferdigstilt så langt.

Reguleringsplan for Ny Hangursbane frå Voss Jernbanestasjon til Hangurstoppen (der ein møter Expressheisen) er godkjent. Arbeidet med finansiering er godt i gang og målet er ferdigstillelse til sesongen 2018/19. Dette vil bidra til å gjera Voss Resort til eit av Norges mest spanande skianlegg og gjev oss mulighetar til å utvikla Voss vidare som ein fullgod heilårsdestinasjon.

Dyrvedalen, vest for Voss Resort, er eit flott område for skikøyring. Det arbeides her med muligheter for å bygge heis og nye løyper.